Språkutvikling gjennom terapi? : utvikling av språkleg og kommunikativ kompetanse hos prelingvalt døve born med CI ved bruk av Auditory-Verbal Therapy (AVT)
Notice bibliographique
Résumé
Problemstillinga i denne oppgåva er følgjande: I kva grad kan Auditory-Verbal Therapy (AVT) vera ein effektiv metode for utvikling av språk og kommunikasjon basert på tale for prelingvalt døve born med cochleaimplantat? Ut frå problemstillinga har eg utleia tre forskingsspørsmål.\nAVT har røter i ein oral opplæringstradisjon, og er eit rettleiingsprogram for foreldre til små born med hørselstap. I denne oppgåva er det fokus på små born som er fødd døve og er cochleaimplanterte. AVT er basert på ideen om at dei fleste born med hørselstap, same kor stort hørselstapet er, kan læra å kommunisera via talespråk. Dette kan oppnåast med tidleg diagnostisering av hørselstapet, tidleg tilpassing av høreapparat eller CI, ein kontinuerleg diagnostiserande terapi og partnarskap mellom foreldre og fagpersonar. AVT er ein metode som konsekvent legg vekt på lytting, og metoden har eit restriktivt syn på born sin tilgang til munnavlesing, spesielt i terapitimar på eit tidleg stadium i utviklinga av lytte- og talespråklege ferdigheiter. Den internasjonale samanslutninga Auditory-Verbal International, har sitt hovudsete i Toronto i Canada. I Noreg er bruk av AVT initiert av Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet, Statped, og er eit av rettleiingstilboda ved Statped hørsel sine kompetansesentra. AVT vert på norsk omtala som auditiv-verbal rettleiing og er eit nytt tilbod i Noreg. \nKvalitative forskingsintervju er valt som metode for innhenting av data. Gjennom masterprosjektet mitt har eg ønskt å få kunnskap om bruk av AVT i Noreg. For å gjennomføra undersøkinga, valde eg å intervjua audiopedagogar som praktiserer etter metoden. Audiopedagogar i Noreg har praktisert etter AVT sin filosofi og sine prinsipp frå 2005. Dette er kort tid for å kunna dokumentera effekt av ein metode. Funna mine representerer informantane sine erfaringar så langt, og er ein dokumentasjon på kva som kan vera særtrekka med den norske AVT-praksisen. \nSærtrekk ved den norske praksisen er at han er tilpassa opplæringssystemet i vårt land, dei geografiske tilhøve, kulturen ved kvart kompetansesenter, og prega av personen som arbeider etter metoden. Metoden vert tilpassa og brukt slik kvar av audiopedagogane meiner det er mest tenleg for born og foreldre.\nAVT - utdanninga har gitt audiopedagogane ny og systematisk kunnskap om born sin tidlege språkutvikling. Dei har fått ein betre kartleggingsreiskap, og dei kan koma med konkrete råd til foreldre om korleis dei kan leggja til rette for og støtta borna si talespråklege utvikling. I rettleiingstimane vert det bygd tette relasjonar mellom foreldre, born og audiopedagog. Foreldra vert ivaretekne og styrkte i rollen som omsorgspersonar, og får hjelp til å meistra dei utfordringane dei står overfor med omsyn til borna si språklege- og psykososiale utvikling. \nI AVT er målet at dei hørselshemma borna skal utvikla eit aldersadekvat talespråk. Audiopedagogane kartlegg borna si utvikling innanfor områda lytting, tale, språk, kognisjon og kommunikasjon med utgangspunkt i ei normal utvikling. Saman med foreldra set dei opp mål og gjer avtalar om kva foreldra skal ha fokus på og arbeida med heime innanfor kvart område. Innanfor dei rammene audiopedagogane har til kvart enkelt barn og foreldre, er det avgrensa moglegheit til å kartleggja barnet si kommunikative utvikling. PPT lokalt og kompetansesentra, er instansar som i hovudsak har ansvar for kartlegging. Rådgjevarar knytt til desse instansane vert difor viktige samarbeidspartar i ei heilskapleg tenking rundt kvart enkelt barn sine behov. \nDersom borna ikkje utviklar seg som forventa, vil audiopedagogane tilrå supplerande eller alternative metodar. I første omgang får foreldre tilrådd teikn som støtte til talen. Sjølv om det i ein reindyrka AVT ikkje skal nyttast teikn, ser ikkje audiopedagogane motsetnader i at det kan nyttas teikn i timane med born og foreldre.
Récupéré en direct depuis OpenAlex et désinversé. Les résumés ne sont pas conservés dans cette base de données : les index inversés représentent 8,6 Go des 9,3 Go de texte de la base, et le serveur dispose de 13 Go libres.
Comment cette classification a été obtenuedéplier
Prédiction machine sur la base complète
Imitation des enseignantsNi prévalence calibrée, ni vérité terrain. Validation humaine à venir. Le volet Gemma est une étiquette directe du modèle pour chaque travail de la base, lue sur la notice réduite au titre. Le volet Codex est un classifieur appris des 10 348 étiquettes directes de Codex et calibré sur les taux pondérés de l'échantillon; les champs sans appui suffisant ne portent aucun appel Codex. Le mode candidate est l'union des deux volets; le consensus est leur intersection. Ces sorties portent le statut machine_predicted_unvalidated et ne sont pas des étiquettes humaines.
Scores du classifieur distillé par catégorie (deux têtes)
| Catégorie | Codex | Gemma |
|---|---|---|
| Métarecherche | 0,001 | 0,004 |
| Méta-épidémiologie (sens strict) | 0,000 | 0,000 |
| Méta-épidémiologie (sens large) | 0,001 | 0,001 |
| Bibliométrie | 0,000 | 0,000 |
| Études des sciences et des technologies | 0,002 | 0,001 |
| Communication savante | 0,002 | 0,001 |
| Science ouverte | 0,001 | 0,002 |
| Intégrité de la recherche | 0,001 | 0,003 |
| Charge utile insuffisante (le modèle a refusé de juger) | 0,011 | 0,002 |
Scores machine (provisoires)
Les deux têtes enseignantes du modèle étudiant, lues sur ce travail. Un score ordonne la base pour la relecture; il n'affirme jamais une catégorie, et le statut de validation accompagne chaque rangée tel quel.
Scores de référence d'un modèle non mature (critères de maturité non atteints, 7 itérations). Un score ordonne; il n'affirme jamais une catégorie.
score_only:v0-immature-baseline · tel quel depuis la passe de notation : score_only signifie que le nombre peut ordonner les travaux, et qu'aucune étiquette de catégorie n'en découleClassification
machine, non validéePrédiction automatique; un appel candidat d’une seule source (Gemma direct ou Codex distillé), pas un consensus.
Le détail, modèle par modèle et score par score, se trouve en fin de page sous « Comment cette classification a été obtenue ».