Treng de meg? Ein kvalitativ studie om kompetansearbeid i kommunal omsorgssektor
Bibliographic record
Abstract
Norge er blant dei landa i verda med best helsevesen. Samtidig syner befolkningsframskriving og demografi frå fleire kommunar eit aukande behov for arbeidskraft i åra som kjem. Eldrebølga er så vidt byrja å skylje innover landet vårt, men vi gispar allereie etter luft.\nLeiarane i kommunal omsorgssektor er pliktig å sørge for tenester av fagleg høg kvalitet. Eit ansvar dei har trass i at tal tilsette vert lågare. Distriktskommunane er dei som slit mest med å rekruttere og behalde pleiepersonell. Leiarane må derfor nytte tilgjengelege ressursar på best mogeleg måte og jobbe aktivt med kompetansestyring og kompetanseutvikling. For å klare dette må kommunane satse langsiktig og systematisk på kompetanse.\nFøremålet med studien er å beskrive korleis leiarar i kommunal omsorgssektor opplever arbeidet med å sikre samsvar mellom tilsette sitt potensial, arbeidsoppgåver som skal utførast og utfordringane som skal handterast som ledd i å nå overordna mål.\nEg har nytta ei kvalitativ tilnærming og intervjua 5 sjukeheimsleiarar frå ulike kommunar i Vestland fylke.\nLeiarane fortel om hektiske kvardagar som gjer arbeidet med kompetanseplanar utfordrande. Trass i at kommunane har overordna strategiske kompetanseplanar, så fører manglande oppfølging frå øvste leiing til at planarbeidet ikkje vert prioritert ute i einingane.\nKonklusjon: Sjølv om strategiske kompetanseplanar er forankra og vedtekne i kommunane, så blir ikkje planarbeidet jobba vidare med på einingsnivå. Sjukeheimsleiarane treng støtte frå øvste leiing, og rom til å sette seg ned med planarbeid. Dei må få bruke erfaringane sine til å lage realistiske planar, planar som kan endrast ved behov. Ein må også erkjenne at leiarane ikkje kan gå rundt med planverket i handa. Ein må stole på evna deira til å vere kvardagsstrategar. At dei gjennom kunnskap og erfaring handterer hendingar som ikkje er planlagt for, på eigne og strategiske måtar for å yte tenester av fagleg høg kvalitet.
Fetched live from OpenAlex and de-inverted. Abstracts are not stored in this database: the inverted indexes are 8.6 GB of the frame’s 9.3 GB of text, and the host has 13 GB free.
How this classification was reachedexpand
Full frame machine prediction
Teacher imitationNot calibrated prevalence, not ground truth. Human validation pending. The Gemma side is a direct model label for every work in the frame, read from the title-only record. The Codex side is a classifier learned from the 10,348 direct Codex labels and calibrated to design-weighted sample rates; fields without enough sample support carry no Codex call. Candidate is the union of the two sides; consensus is their intersection. These outputs are machine_predicted_unvalidated and are not human labels.
Distilled classifier scores by category (both heads)
| Category | Codex | Gemma |
|---|---|---|
| Metaresearch | 0.016 | 0.041 |
| Meta-epidemiology (narrow) | 0.001 | 0.001 |
| Meta-epidemiology (broad) | 0.002 | 0.002 |
| Bibliometrics | 0.002 | 0.002 |
| Science and technology studies | 0.005 | 0.003 |
| Scholarly communication | 0.018 | 0.016 |
| Open science | 0.003 | 0.006 |
| Research integrity | 0.004 | 0.006 |
| Insufficient payload (model declined to judge) | 0.048 | 0.012 |
Machine scores (provisional)
The two teacher heads of the student model, read on this work. A score orders the frame for review; it never asserts a category, and the validation status ships verbatim with every row.
Baseline scores from an immature model (maturity gate not passed, 7 training rounds). Scores rank; they never assert a category.
score_only:v0-immature-baseline · verbatim from the scoring run: score_only means the number may rank works, and no category label ships from itClassification
machine, unvalidatedMachine predicted; a candidate call from one source (direct Gemma or distilled Codex), not a consensus.
How this classification was reached, model by model and score by score, is at the end of the page under "How this classification was reached".